Google Classroom
GeoGebraGeoGebra Classroom

Estimere fisk i ein innsjø

Estimering

Det kan synast vanskeleg å estimere kor mange fiskar som er i ein innsjø! Ein kan rimelegvis ikkje fiske opp alle og telle dei. I læreboka Matematik for lærerstuderende (Schou, Jess, Hansen & Skott, 2015) finn ein følgjande øving som syner korleis dette kan gjerast. Sjå først videoen under, kor dei forklarer korleis ein kan finne talet på svarte drosjer i London.
Viss ein trur på at ein kan fiske "representativt" så kan ein lage eit estimat. Heile fiskeforeningen kallas saman og sett i gang med fisking på heile innsjøen. Alle fiskane som blir fanga blir merka og sett ut igjen. Sei at dei fangar 500 fisk. Veka etter gjentek vi opplegget og no fangast det 400 fisk, der 40 er merka.

Lag eit estimat over kor mange fiskar det er i innsjøen. Tenk på at forholdet mellom antallet som blir fiska opp først og antallet i heile sjøen, må bli det samme som andelen merka fisk den andre gongen dei fiskar! (korfor er det slik?)!

Simulering

I trinket'en nedanfor kan du prøve ein tilsvarande situasjon sjølv. Du kan bestemme kor mange du skal fiske første gongen (og merke) og så kor mange du fiskar andre gongen. Så kan du gjere eit gjett sjølv før du sjekkar svaret.

trinket.io